Betongprodukt i alle formar og fargar

Tunge Ting

Dette er eit nytt satsningsområde frå Voss Cement.  Me har inngått samarbeid med Tunge Ting A/S, og her har me fått ein kompetanse på eit område som me ikkje har hatt tidlegare. Dette gjeld spesielt innan området for overflatebehandling. Som sliping, polering, og  ikkje  minst fargar og mønster i vaskar, badekar, benkar og benkeplater. Her er det berre fantasien som set grenser.

Fleire og fleire har etter kvart vorte merksam på mogelegheitene  det er å bruka betong som ein del av sitt eige uttrykk. Vala er store og dei ibuande eigenskapane i betongen gjer at kvart element får sitt eige unike uttrykk.

Tunge Ting starta opp i 2004 med støyping av interiørløysingar. Det har vore brukt mykje tid og ressursar på å koma fram til dei produkta som vert levert i dag.  Hovuddelen av produksjonen er benkeplater, servantar, bordplater og peiselement i farga slipt betong, men stort sett er det berre fantasien som set grenser, for kva som  kan lagast i dette materialet.

 

Ta kontakt for førspurnad, eller eit uforpliktane pris tilbod.  Me er også hjeplsame med innspel på design og uttrykksform.



kjøkken tunge ting



Skriv ut